|
|
|
| Ideen: |
|
|
|
Prosjektet
går ut på å pusse opp eit gamalt hus og leige det
ut. Prisane kjem til å vere rimelige, med bra standard, fantastisk
beliggenhet å ikkje minst; inkludert breiband, så alle som
eventuelt flyttar inn vil få tilgang til internett, trådlaust,
prosjeket tar spesielt sikte på ungdomar eller unge par som er
i etableringsfasen. Huset kallast på folkemunne for "smissehuset"
og er avbilda til venstre. |
Historie: |
|
![]() |
Huset
vart bygd i 1962,det seiast at huset blei bygd i to etapper, då
dei i andre etappe måtte kave med ein del vridd material som hadde
logge dårleg stabla. Grunnen til at huset blir kalla for smissehuset
er at oldefaren til dei vi kjøpte huset av, altso han som sette
opp huset, var smed. Han hadde ei smie i fjøra. Sonen til smeden
blei kalla for smissen, som seinare tok over huset, derav smissehuset.
Det vil med andre ord sei at vi er fjerde "generasjon" eigarar
på dette huset. Huset var i bedrøvelig stand når
vi tok over i 2002. Til no er hovudetasjen ferdig oppussa med sine spesialitetar,
"sjå inn", i menyen til venstre. |
Framtida: |
|
![]() |
No tenkjer vi å ta fram hammaren igjen. Vi skal gjer ferdig huset! Det vil med andre ord sei at der kjem ei splitters ny leilighet på toppen, i kjellaren kjem der universalt foretningslokale, kan og nyttast til lager, dette lokalet kan til ei viss grad tilpassast etter ønskje. Vi håpar at alt står ferdig til sumaren 2006, noko håpar vi er klart til innflytting alereie til vinteren, meir detaljar om dato kjem på framsida. Du skal leite lenge etter leiligheter med so sentral plasering samtidig som du har ei fantastisk utsikt ut over fjorden, rett å slett ein plass der du er midt i sentrum men ikkje innestengd. So er du ein av dei som er lei av å bu heime hos ho mor, har eit ønske om å flytte til Stadt, eller berre treng noko anna, "sjå inn" for å få eit innblikk i kva du kan leige. Fristar det? ikkje nøl med å bruke informasjonen under kontakt i menyen til venstre.
|